For arrangørar

Alle lag, foreningar, enkeltpersonar, bedrifter osv er velkomne til å lage arrangement i kulturvekkå. Dato for kulturvekkå er bestemt knapt to år i forvegen. Arrangør har heile ansvaret for sitt arrangement, inkl. leige av lokaler og alle praktiske og økonomiske forhold ved arrangementet.

Kulturvekkåkommiteen hentar inn sponsormidlar som blir fordelt til medarrangørar etter søknad. Søknadsfrist er 15. februar. Søknadskjema og kriterier for tildeling finn de på denne nettsida. Det er viktig at arrangør laga reit realistisk budsjett for arrangementet der både inntekter og utgifter er tekne med. Dette står nærare omtalt i retningslinene.

Støtten blir utbetalt etter at vi har mottatt eit enkelt rekneskap og evaluering av arrangementet.

Kulturvekkåkommiteen syter for felles marknadsføring. Plakatar med heile programmet, flygeblad, programhefte, avisannonsering og nettside. Utover dette må kvar arrangør syte for marknadsføring av sine arrangement sjøl.

Alle kan i utgangspunktet arrangere kva dei vil, men for at det skal bli eit godt samansett og fordelt program, er det greitt om dei fleste kan vere litt fleksible på dag slik at kulturvekkåkomiteen kan sjå på heilheta i programmet og foreslå dagar utifrå det. Om noken må vite dato tidleg, t.d. med tanke på innleige av artistar el.l. er det flott om ein tek kontakt med kulturvekkå om det så alle er orientert og kan planlegge ut ifrå det.

Siste frist for å melde inn arrangement er sett til 20. januar. Dette for at kommiteen skal kunne få lagt programmet så snart som mogleg og starte produksjon av informasjonsmateriell.

Gje gjerne oss i kulturvekkåkommiteen tilbakemelding om det er ting som burde ha vore gjort annleis og betre.