Korkonsert

Straumsnes Songlag, Tingvollklang og Døde Menn inviterer onsdag til konsert med norsk popmusikk på menyen.

Konserten har fått tittelen Non-stop med pause. Det blir presentert eit variert program med utgangspunkt i norsk popmusikk. Kom og opplev Åge, Vamp, Hellbillies, Maria Solheim, De Lillos med meir. Høyr solistane; Ståle Husby, Anita Ulset, Elisabeth Osen, Ingvar Kvande, eit stort felleskor og fem musikarar med sjølvskriven musikk. Overaskingar blir det nok og. Kaffesal i pausen. Velkomne!